#26 & #27 - forsøk på å samle trådene

Forsøk på å samle trådene for forummøter nr 26 og 27, skrive av Andres Øverbø

Måndag 7. oktober 2024 gjennomførte forum for psykologi og filosofi sitt 26. møte. Denne gongen var temaet etikk i psykologisk praksis. Ole Magnus Vik var innleiar og byrja sitt innlegg med å understreke at psykologar vert stilte til strengare etiske standardar enn andre profesjonar i helsevesenet. Dette kjem av det sterkt personlege og intime ved vårt arbeid, vi arbeider ikkje med ein person sin kropp men med deira sjel. Implikasjonane dette gjev vart verande med i heile samtalen som eit ope spørsmål.

Videre omtala Vik dokumentet som gjeld for alle norske psykologar, etiske prinsipp for nordiske psykologar. Dette er eit over 30 år gamalt dokument som skal vere kjent for alle norske psykologar. Det er organisert kring fire hovudprinsipp - kompetanse, respekt, integritet og ansvar.

Vik problematiserte at EPNP i all hovudsak føreskriv negative etiske fordringar framfor positive. Bruken av desse termane rettferdiggjer klårgjering; enkelt sagt seier negativ etikk noko om kva du ikkje skal gjere, medan positiv etikk seier noko om kva du skal gjere. Kva går tapt når vi utelukkande dreier oss kring negative etiske fordringar? Med dette vart samtalen i rommet starta.

I samtalen vart EPNP teke noko i forsvar, då negativ etikk kan vere meir fleksibel til ulike tidsaldrar og kulturell normativitet. Ta til dømes bodet, frå dei ti kristne boda, om å ikkje drepe. Dette er so allment at det varar ved som viktig i dag, og vil utvilsamt gjere det i framtida. Positive etiske fordringar kan vere meir sårbare til å bli utfordra av ulike kulturar og strømningar. Eit døme på positiv etikk er at ein i Noreg i dag må vente 1 år frå ein vil inngå skilsmisse til at ein får det innvilga av staten. Staten vil at du skal tenkje deg om. Finst det andre positive etiske fordringar i samfunnet? Det kan verka som den positive etikken er på fallande tendens. I tråd med sekulariseringa av samfunnet kanskje - mistar vi noko i omsetjinga frå religion til postmodernisme?

Den etiske dimensjonen av psykoterapi strekkjer seg også ut av terapirommet og ut i den offentlege debatt. Ei side av dette som vart problematisert i samtalen dreier seg om at psykologprofesjonen kan vere skuldig i ein farleg og feil misoppfatning - nemleg at terapi og sjølvutvvikling er den einaste vegen til betring av mental helse. Dersom ein person har gått gjennom fleire forløp og ikkje har vorte betre så er det personen sin feil - dei er sokalla "behandlingsresistente". Truleg er ingen psykolog einig i dette biletet, men likevel verkar det å vere noko i vår tidsand som forfektar eit slikt syn.

Mykje av samtalen dreia seg også om rammene for behandling av psykiske lidingar i det offentlege helsevesenet. Det vart problematisert at vi nokre gonger ikkje er transparente med pasientar om at behandlinga dei får ikkje er den beste tilgjengelege, på grunn av rammene for behandling. Til dette svarte Vik at i hans virke i psykologforeningens etiske råd er det få sakar som dreier seg om dette problemet. Dei fleste sakane dreier seg om at psykologane ikkje har respektert den andre som individ, og har feila i sin søkjen etter å forstå og lytte til den andre.

Samtalen avslutta med eit ope spørsmål: korleis lærer vi etikk? Korleis lærer vi etikk til studentar og komande psykologar? Og korleis evaluerar vi kontinuerleg vår etikk i vår praksis?

Dersom du er interessert i meir stoff om etikk og psykoterapi kan du lese Vik sine tekstar om tema, til dømes denne:

Psykoterapiens etiske dimensjon | Tidsskrift for Norsk psykologforening (psykologtidsskriftet.no)

 "Jeg er derfor redd for at EPNP er en moralsk hvilepute som gir psykologen et uriktig inntrykk av at så lenge rammene er på plass, er en genuin og kontinuerlig etisk refleksjon underordnet, eller til og med irrelevant"

------------------------------------------------

Den 28.oktober i forummøte nr 27 hadde vi besøk av førstelektor Øystein Tvede som innleia om Rene Girard og hans teori. Tvede innleia med å skissere opp Girard sin teori om mimetisk attrå (begjær) og synebukkar. Teorien handlar om at menneske sine ønskjer, trass i at dei verkar slik, ikkje i grunn er autentiske, autonome eller individuelle, men i staden vert adoptert ved å etterlikne (mime) andre. Ifølgje Girard ser menneske kva andre folk ønskjer, og dei byrjar å ønskje det same. Dei andre personane vert mediatorar for forholdet mellom deg sjølv og objektet du har attrå for. Teorien hans føreslår at denne mimetikken kan leie til rivalisering når fleire menneske ønskjer den same tingen, noko som igjen kan skapa konfliktar. For å handtera desse konfliktane kan samfunn oftast ty til syndebukkmekanismen, der skuld vert lagt på ein enkelt individ eller gruppe for å gjenopprette fred og orden.

I den påfølgjande samtalen i rommet vart fleire tema teke opp. Det er stor variasjon i menneskleg attrå, så kva faktorar fører til at vi vel oss forskjellige mediatorar? Er det slik at di meir eit attrå kjennest autentisk, di meir mimetisk er det? Kva begrensningar har teorien? Vi snakka også om rolla Jesus Kristus har i forteljinga til Girard, som ein person som viljug og utan skuld tek på seg rolla som syndebukk, og kraften i denne forteljinga. Dette vart også knytt opp mot noko vi kan kalle "offermentalitet" i dagens samfunn. Kven er vi til å skulde andre og gjere oss sjølve til offer?

I skrivinga av dette kom eg til å tenkje på Nietzsche sitt syn på Jesus Kristus og kristen moral. Girard ser på Jesus som ein unik figur som avslører og utfordrar den valdsspiralen menneska ofte finn seg sjølv i grunna mimetisk attrå. Medan syndebukkar ofte vert skuldblinde og vert ofra utan å forstå syndebukkmekanismen bak, så er Jesus sin historie og liding annleis.  Jesus er i følgje evangelia utan skuld, og utfordrar med sin død og oppstode syndebukkmekanismen. Jesus sin bodskap om kjærleik og tilgjeving tilfører eit alternativ til vald og rivalisering: Ved å oppmode til å elske fiendane sine og tilgi kvarandre, gjev Jesus eit rammeverk som kan bryta den destruktive sirkelen av mimetisk konflikt.

Dette står i kontrast til Nietzsche sitt syn på kristen moral, som han meiner er ein slave-moral. For å gjere opprør mot sine meistrar gjer snur slavane om på den opprinnelege moralske retninga, der den sterke med rette utnyttar den svake. Dette er ein slags naturens moralske orden, og Nietzsche meiner å sjå at dette er ur-moralen som herska før den kristne. Det slavane gjer ved å snu på dette, og forfekte tilgivelse og nestekjærleik, er å hevde sin eigen moralske status. Dette gjer at dei no kan, med rette, klandre sine meistrar.   Girard sin tolking av Jesus som syndebukk vert difor ein form for slave-moral og syner at dei svake har ressentement, moralsk hat, mot dei sterke.

Dei to syna kontrasterar kvarandre skarpt. Kva den riktige måten å forstå Jesus som syndebukk vert verande eit ope spørsmål.

Øystein Tvede tilråda essayet nedanfor, skrive av Ida Lødemel Tvedt, til dei som vil lese meir om Girard. Girard finst også på norsk omsetjing, gjeve ut i 2020.

https://www.vinduet.no/essayistikk/si-monster-bli-monster-om-mimetisk-begjaer-og-rene-girards-syndebukk-teori/

https://www.ark.no/produkt/boker/dokumentar-og-faktaboker/syndebukken-9788269043877  

Skrive av Andres Øverbø

Nestleiar i Forum for Psykologi og Filosofi

01.11.2024

Neste
Neste

Essaykonkurranse 2023: Andreplass